Foto: Kjell Erik Brekke
Handlaga godteposar frå ei ekte prinsesse, barnetog og pølser med lomper, kombinert med brasilianske caipirinhas og churrasco, sette 17. mai-tonen for festlyden på over 400 norske kolonistar i Rio de Janeiro. Med norske og brasilianske flagg og nasjonalsongar vart i år både vår eigen nasjonaldag og det gode samarbeidet mellom landa våre feira.
Nasjonaldagen starta tidleg med tradisjonell norsk 17. mai-frukost og næringsseminar arrangert i samarbeid mellom Det norske generalkonsulatet og Det norsk-brasilianske handelskammeret (NBCC). Generalkonsul Vibeke Lilloe og styreleiar i handelskammeret ,Tor-Ove Horstad, ønskte forsamlinga av nordmenn og brasilianarar velkommen. Dette var den siste nasjonaldagen i Rio for vår avtroppande generalkonsul. Generalkonsulen delte nokre av sine mange gode minner, særleg positivt er det å sjå attende på den kraftige veksten i det norske miljøet og talet på norske bedrifter som har etablert seg i byen. Handelskammeret takka for det gode samarbeidet med å overrekkje generalkonsulen ein plakett.
Entusiasmen og optimismen var stor då årets æresgjest, adm. dir. i NHO John G. Bernander, i opningsinnlegget oppsummerte auken i næringssamarbeidet mellom Noreg og Brasil dei siste åra. Brasil har aldri vore meir spanande sett frå Noreg, og er i dag eit av dei meste interessante land for norske næringsinteresser. Samarbeidet har framleis stort potensial og ein ønskjer å utvide kontaktflatene for bedrifter, næringsorganisasjonar og styresmakter. Regjeringas nylanserte Brasilstrategi er her eit sentralt verkty. Ikkje minst syntes Bernander det var gledeleg å observere ”Business before pleasure”-praksis i årets feiring av nasjonaldagen. I tillegg til Bernander var det taler frå næringsdrivande og visepresidenten i arbeidsgjevarorganisasjonen Firjan.
Etter næringsseminaret var alle bidragsytarar til årets arrangement inviterte heim til generalkonsulens residensens. Med kanapear, forfriskingar og eigen stand med pølser og lomper i hagen og over 20°C var arrangementet no definitivt over i ”pleasure-fasen”. Inntektene frå årets pølsesal gjekk uavkorta til forballprosjektet Karanba. Prosjektet vart starta i 2004 og er sidan drive på frivillig basis av eks-Lyn spelar Tommy Nilsen. Karanba har allereie hjelpt mange unge gutar frå dei vanskelegaste områda av Rio på rett spor og gjeve dei framtidstrua tilbake.
På kvelden var det tid for tradisjonell, norsk 17. mai-feiring med tog, barneleikar, 17. mai-talar og festmiddag på churrascaria Porcão, nydeleg plassert ved sjøkanten i Flamengo. Bernander trakk i festtalen parallellar frå norske ekspedisjonspionerar til oljepionerprosjekta nordmennene busett her i Brasil er med på. Prinsesse Ragnhild og Erling Lorentzen deltok på arrangementa både i generalkonsulens residens og på Porcão. Gleda var stor blant dei minste, då dei fekk godteposar frå den norske prinsessa. Markeringa i Rio reflekterer fleire sider av dei mange banda som er i ferd med å knytast mellom Noreg og Brasil. Også for næringslivet er det her godteposar – både for store og små bedrifter.
Skrive av aspirant Kjell Erik Brekke
Godkjent av generalkonsul Vibeke Lilloe